Bil i elva

Publisert av:
12/9/2015 13:40

Litt over kl. ni i dag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt  ned i elva som kjem frå Kyrkjevatnet i Uggdal.

Då politiet kom til staden tok dei utandingsprøve av mannen. Den synte utslag på 0,68

– Ingen personer skal være skadet, men vi mistenker føreren for å ha kjørt med promille, seier operasjonsleder Arve Samsonsen i Hordaland politidistrikt til BT.no.

Mannen i 50- åra som køyrte bilen var aleine, og skal ha kome uskadd frå hendinga.