Idrettsmerke- prøvar i Tysnes IL
10/9/2015 07:45
I haust er det 30 år sidan Tysnes IL byrja med organiserte idrettsmerkeprøvar. I år er det med andre ord jubileum for denne aktiviteten i idrettslaget. Kanskje blir det ei lita markering/feiring seinare i år?
Gjennom desse åra har det vore bra interesse for dette tilbodet. Ein “fast flokk” har stilt opp så og seia kvart einaste år. På det meste har kring 20 greidd krava til merket.
Ein haust i byrjinga stilte dei fleste i Tysnes musikklag sporty opp og imponerte med flott innsats.
Éin av dei “faste” som har møtt fram kvart einaste år er Arvid Gaugstad.
Den spreke veteranen har heile tida greidd krava med glans. Han er framleis svært lett på foten og held seg i god form.
Han har representert idrettslaget på ein framifrå måte med strålande prestasjonar på stafettane som ein i mange år hadde i dei ulike bygdene på Tysnes, og elles kan han visa til mange gode resultat og plasseringar i veterankonkurransar utafor øya i m. a. lengde, 100 meter og 400 meter.
No inviterer idrettslaget til nye idrettsmerkeprøvar.I fyrste omgang er følgjande dagar sette opp:
Laurdag 12. september (kl. 16.00), onsdag 16. september (kl. 18.00) og onsdag 23. september (kl.18.00).
Truleg blir det ei oppsamling seinare i haust. Det er kjekt at deltakarar frå andre bygder også møter fram.
Tekst: Hans Ole Dalland