God heimekamp av Njardar/Tysnes G 16

Publisert av:
7/9/2015 10:50

G 16-laget til Njardar/Tysnes vann 7 – 2 heime på Reiso mot Trio/Halsnøy 3. Rett nok stilte gjestene med berre ti spelarar, men det skal ikkje ta frå heimelaget at dei spelte sin beste kamp for haustsesongen.

Skadeproblema har ikkje vorte betre, og denne gongen måtte Elvis stå i mål. Taktikken var at han skulle vera både målmann og sweeper, ei oppgåve han løyste på ein svært god måte. Aleksander var ny i midtforsvaret, og samna med resten av forsvaret hadde han god kontroll bakover. På midtbanen leverte Amalie sin beste kamp på gutelaget. Alf Inge var skadd heile vårsesongen, men no er han tilbake, og med fire mål fekk han vist kva han betyr for laget. Dei andre måla vart laga av Einar, Sjurd og Kristoffer.

Heile laget kjempa godt, og sigeren var fullt fortent. Utover i andre omgang dominerte heimelaget stort, og laget fekk igjen for kondisjonstreninga.

Desse var med: Elvis Kalvans, Mattis Utne, Aleksander Nordal, Karl Henrik Helgesen, Sjur Håvik, Amalie Tysnes, Sjurd Pedersen, Einar Stikholmen,Isak Enes, Alf Inge Stue, Remy Gundersen, Viljar Kaldefoss og Kristoffer Rojas. 

Helge Hauge