Vurderer de å bli fosterforeldre?

Publisert av:
26/8/2015 13:40

Bufetat held i kveld eit informasjonsmøte i kommunestyresalen på Rådhuset i Uggdal.

Informasjonsmøtet er for deg som ynsker å vete meir om kva det vil seie å vere fosterheim.

Møtet er heilt uforpliktande. -Du binder deg ikkje til noko ved å delta på eit informasjonsmøte!

Ein vil får nyttig informasjon samt moglegheit til å stille spørsmål.

Møte er eit samarbeid med barneverntenesta på Tysnes. Dei vil i tillegg informere om behov for ulike typar tiltak, støttekontakt og avlastningshjem. 

Fleire detaljar om møtet finn du på Bufetat.