Di meining

Publisert av:
26/8/2015 07:44

Sjølv om vi fekk ein smak av sommar no i august, har det vore heller dårleg med gode badetemperaturar denne sommaren.

Tysnesingen har spurt:
Ha du bada i sommar?

Avstemninga fekk inn 457 stemmer denne gongen.

Det vart eit solid fleirtal med 219 stemmer (48%) til alternativet: ” Driv ikkje med isbading”

Vi har også ein del som ikkje let seg skrema av låge temperaturar. 100 stemmer kom inn på alternativet: ” Sjølvsagt, det er jo sommar!”

77 stemmer (17%) har vore positive og noko avventande, og stemt på ” Skal bada, må berre blir litt varmare fyrst!”.

49 stemmer (11%) seier at dei “Kun har vassa, men rakk å snu i tide”.

Lågast antall 13 stemmer (3%) fekk alternativet ” Prøvde, men fekk det ikkje til.”

 

Det nærmar seg Kommunestyre- og fylkestingsvalet og dei ulike partia er inne i ein hektisk valkamp.

Tysnesingen lurer på : Kva parti skal du stemme på?