Dei eldste rockar best!

Publisert av:
25/7/2015 08:47

Det kom inn 338 stemmer, då me spurde om kva artist du likte best på Tysnesfest.

Tom Jones fekk ein klar 1. plass med 33% av stemmene. På ein god 2. plass kom Åge Aleksandersen med 20% av stemmene. 

3. mest populære var Bertine Zetlitz som fekk 9%.

DDE, Matoma, Highasakite, OnklP og de fjerne slektningene, Lars Vaular og Carola låg alle forholsvis likt. Dei fekk kvar mellom 4 og 8% av innkomne stemmer.

Bading

Er du av typen som seier sommar er sommar, og bader uansett temperatur? eller held du ei ansvarleg sikkerhetssone mellom deg og vatnet?

Sommar is og bading, eller var det sommar og isbading? Uansett, i dag spør me om du har vågd deg lengre ut enn vatn til knes. Sjå om du kjenner deg att i eit av alternativa og ta del i di meining!