Ta Sjansen
11/7/2015 19:17
Havna i Våge var fullstappa med publikum då den aller fyrste “Ta sjansen” på Tysnes vart arrangert i dag.
Heile 9 ulike farkostar frå privatpersona og bedrifter var påmelde.
Uhell
Det vart ein uventa start på konkurransen då den aller fyrste farkosten, ei tube med to unge gutar, velta på veg ned unnarennet. Gutane, som begge datt ut av tuba, vart skadde då rampa til båtane traff vatnet. Røde Kors båten som låg klar i hamna, var raskt borte til gutane og fekk dei ombord for tilsyn. Ambulanse kom raskt til staden, og gutane vart sende til sjukehus på Stord for sjekk. Etter opplysningar Tysnesingen har fått no i kveld har den eine guten brot i ein arm og den andre lettare sader i ein fot.
HMS ansvarleg, Knut Nesland, fortel at arrangørane på førehand hadde testa ut rampen med farkost. Etter ei risikovurdering på staden, vart det vedteke at alle lettare farkostar ikkje fekk delta.
-Dette er sterkt beklageleg, og skal ikkje skje, seier Knut Nesland. Arrangørane vil for framtida ha nøye kontroll med farkostane som får delta.
Etter dei nye tryggleikstiltaka vart det fire farkostar som fekk godkjenning.
“Dinglo og Danglo” frå Voss Resort stakk av med sigeren.
Farkosten “Besten” med Vidar Storesætre kom på andreplass, hårfint bak Vossingane.
Ludvig K. Dalland med båten “Ein enkel” fekk god fart, men valde å padla fram til målbøya framfor å svømma.
Sindre Økland frå Lerøy Sjøtroll med “Lerøy” stupte uti og svømde raskt mot målbøya.