Di meining
6/7/2015 18:54
I “Di meining” har vi spurt lesarane om kva dei skal no når Tysnesfest er like rundt hjørnet
Av dei 819 som har sendt inn si stemme til denne undersøkinga seier heile 606 (74%) at dei skal reisa vekk.
82 (10%) stemmer kom frå dei som skal jobba som frivillig
41 (5%) vil få med seg mest mogleg og like mange stemmer kom det frå dei som skal nyta masse god musikk på Gjerstad.
33 (4%) er sporty og skal være ein av minst 753 på Såtekonserten.
16 (2%) er jamnt fordelt på dei som vil springa Ramnanuten opp og dei som vil testa smaksløkane på matmarknaden.
For dei av oss som ikkje har reist vekk på ferie, er Tysnesfest-veka endeleg her!
No er det noko som skjer heile dagen, frå tidleg til seint. Heile 70 ulike arrangement, noko for einkvar smak anten ein er ung eller litt eldre.
Og då lurer me på:
Korleis du førebur deg for å få meg deg mest mogleg på travle Tysnesfest-dagar?