Vellukka NM
7/6/2015 14:24
Golfklubben sjekka vêrmeldingane ofte i dagane før NM i Pitch & Putt med hep for seniorar. Det såg ikkje særleg lovande ut. Til all lukke vart det eit strålande golfvêr som heldt seg heile dagen! Baneforhalda var gode, og med topp motiverte golfarar vart det ei minerik oppleving for alle fortel Tysnes Golfklubb.
1.premie Svein Rundhovde (Tysnes GK), 96 poeng
2.premie Reidar Aarskog (Tysnes GK), 97 poeng
3.premie Hallvor Grov (Kristornskogen GK), 98 poeng
Deretter kom Jens Flornes (TGK), Helge Hauge (TGK) og Jonny Huse (KGK). Alle med 100 poeng, men fordelen går til den med lågast hcp.
Her er dei seks beste. Frå venstre: Reidar Aarskog, Svein Rundhovde, Hallvor Grov, Jens Flornes, Helge Hauge og Jonny Huse
Heile resultatlista finn du her
Tysnes Golfklubb hadde også sett opp ein ekstra premie til den med best brutto poengsum. Her hadde Frank Vidar Johnson (Sola Golfklubb) og Reidar Aarskog begge 107 poeng. Etter omspel på hol 18, gjekk Reidar Aarskog av med sigeren.
Tysnes Golf Klubb ynskjer å takka alle for ein flott dag, og håpar på nye NM også i framtida.
Fleire bilete og meir info, finn ein på Tysnes Golfklubb si side.