G 16: Njardar/Tysnes – Odda 2

Publisert av:
29/5/2015 06:58

Kampen enda 1 – 1 etter at det stod 0 – 0 ved pause. 

Første omgang var ganske jamn. Ingen av laga kom til store sjansar, og det meste av spelet gjekk føre seg på midtbanen. Det fine samspelet frå førre kamp såg me lite til. I staden skulle spelarar gjera det sjølv.

Etter pause vart det litt betre, og midt i omgangen tok Njardar/Tysnes leiinga. Målet kom etter fint samspel, og Elias sette ballen kontrollert i mål. Ikkje lenge etter utlikna Odda 2 på ei flott heading etter corner. Njardar/Tysnes hadde fleire gode sjansar etter det, men fleire mål vart det ikkje.

Mange skadde spelarar gjorde at heimelaget måtte henta inn spelarar som ikkje har vore på trening i år. 

Desse var med. Martin Bakke, Mattis Utne, Sondre Flygansvær, Karl Henrik Helgesen, Sjur Håvik, Sindre Økland, Amalie Tysnes, Erik Enes, Elias Jordal, Sjurd Pedersen, Einar Stikholmen, Remy Gundersen og Isak Enes.

Helge Hauge