Sunnhordlands-filmen ein av vinnarane under filmfestival i Polen
27/5/2015 10:57
Nyleg vart juryen for filmfestivalen ferdig med møta der dei har avgjort kven som får tildelt prisar under årets festival i Warszawa.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Zpirit er informerte om at «Sunnhordlandsfilmen» er ein av dei store vinnarane.
Kva pris og innan kva kategori ein har vunne vert først kunngjort under den høgtidelege gallamiddagen 18. juni.
Prisvinnande jurymedlemmar
60 filmar har konkurrerert i den internasjonale klassen, der vinnarane både får filmstatuett og internasjonal promotering.
Juryen har bestått av profesjonelle filmskaparar, Oscar- og andre prisvinnarar samt ekspertar innan dei ulike kategoriane.
Det vil vere representantar frå Sunnhordland tilstade i Polen for å motta prisen under den høgtidelege gallaen.
Sunnhordlandsfilmen er produsert for Samarbeidsrådet for Sunnhordland av reklamebyrået Zpirit, og regissert av Simeon Frohm.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Zpirit Reklamebyrå AS, 27. mai 2015