Tysnesfest 2015 -programmet er klart.

Publisert av:
21/5/2015 04:51

Måndag 25. mai(andre pinsedag) blir det servert gratis vaflar og blå saft heile dagen, samt at det blir «ferjekø» quiz frå kl. 14:00. med flotte premiar! Quizen held fram til siste ferja har gått frå Tysnes på kvelden! 

Eit snart like sikker vårteikn som «møkalukta» bøndene sørgjer for at spreier seg utover kongeriket Norge, er at Tysnesfest kjem ut med programmet sitt i sin heilheit i løpet av mai månad!

Det er verkeleg stor stas å kunne lansera programmet til den niande Tysnesfest. Det inneheld heile 80 punkt, samt ein heil bråte med sidearrangement. Og kven veit, kanskje kjem det enda noko meir før me ser 8. juli på kalenderen! Me vil ikkje nytta ordlyden det beste programmet så langt, men vil heller sei at det har modnast enda eit hakk frå i fjor, og me trur verkeleg me har klart å leva opp til mottoet vårt om å ha størst mogleg breidde i festivalen, og eit program for alle aldrar.  Det er ikkje til å legga skjul på at me er veldig stolt over at sjølvaste Sir Tom Jones har valt å ta turen til vetle Tysnes i sommar! Hipp hipp hurra!

Me har ingen mål om publikumsrekord i år, men sidan det er friluftslivets år, så har me ein draum om å klara å tangera høgdemetrane til Såtetoppen,  under konserten med Lars Vaular, med antall besøkande. Det vil sei at me må  ha 753 menneske med oss til toppen! 

Velkommen til oss!  Her har du programmet.