Sunnhordlands-filmen til internasjonal filmfestival

Publisert av:
20/5/2015 12:57

Samarbeidsrådet for Sunnhordland vart nyleg kontakta av Film, Art & Tourism Festival i Polen. Dei hadde oppdaga filmen «Where do you want to live» (Sunnhordlandsfilmen) via youtube og nettstaden til omdømmeprosjektet.

«We are absolutely delighted about your film» skreiv dei, og kunne samstundes opplysa at filmen var plukka ut til å delta i den internasjonale filmfestivalen, som i år feirar 10 års jubileum.

Leiinga ved festivalen vidare at dette ikkje er ein typisk film der ein presenterer flotte hotell og store byar. Her har naturen og dei hyggjelege folka hovudrolla. Her er naturen flott, livet enklare og folk lukkelege. Dei påpeikar også at produksjonen er spesielt god, med musikk som underbyggjer opplevinga. Film, Art & Tourism Festival er glade for å ha Sunnhordlandsfilmen med i den internasjonale kategorien.

Film, Art & Tourism Festival har blitt arrangert i Warszawa i Polen sidan 2006. Festivalen samlar bransjefolk innan filmar for turisme og kulturarv. Festivalen er den einaste i sitt slag i Polen som er medlem av of International Committee of Tourism Film Festivals CIFFT.

 

Kan vinna filmstatuett og internasjonal promotering
60 filmar konkurrerer i den internasjonale klassen. Nett no føregår jurymøter for å avgjere kven som vinn. Juryen består av profesjonelle filmskaparar, Oscar- og andre prisvinnarar samt ekspertar innan dei ulike kategoriane.

Sjølve tildelinga skjer under ein internasjonal galla som vert arrangert 18. juni. Tilstade vil det vere bransjefolk frå den internasjonale filmindustrien, representantar frå ambassadar og turiststyre frå heile verda.

Vinnarane får tildelt både statuett og diplom. Dei får også internasjonal promotering via magasinet Film Art & Tourism.

Festivalen i Polen samarbeider med Cannes Corporate Media & TV Awards, New York Festivals, International Film & Video Festival i Los Angeles og Art&Tur International Film Festival i Portugal.

 

Sunnhordland viser att internasjonalt
Dette var veldig kjekt, seier Anne Synnøve Lønne, prosjektleiar hos Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Me veit at mange har sett og likar filmen, men at han skulle bli oppdaga og plukka ut til å delta på filmfestival i utlandet hadde me ikkje rekna med.

Det syner at Sunnhordland er synleg og ein attraktiv bu- og arbeidsregion, også utanfor grensa til Norge, avsluttar ho.

Sunnhordlandsfilmen er produsert for Samarbeidsrådet for Sunnhordland av reklamebyrået Zpirit, og regissert av Simeon Frohm.

Foto: Film Art & Tourism festival.