G 16: Trio 3 – Njardar/Tysnes

Publisert av:
12/5/2015 12:07

Gjestene kunne jubla til slutt og reiste heim med siger 2 – 1. Kampen vart spelt på grasbanen i ausande regnver, og sidan dei fleste stilte med kunstgrassko, vart det ein del knall og fall.

Trio opna best og dominerte dei første minuttane utan å spela seg fram til store sjansar. Etter kvart tok Njardar/Tysnes over og hadde fleire opne målsjansar. Det skorta på fininnstillinga, men midt i omgangen lukkast det Håkon og få ballen i nettet.

Trio hadde tydeleg teke med spelarar frå 1. og 2. laget, og desse vart flytta høgare i andre omgang. Njardar/Tysnes hadde i pausen gjeve beskjed om at desse måtte ein følgja nøye med, og Erik, Håkon, Sondre og Elvis gjorde ein kjempejobb som hindra dei i å koma til målsjansar. Etter ca 20 minutt fekk Trio straffe etter ein hands. Martin var på ballen, men måtte sleppa han forbi seg. Njardar/Tysnes overtok meir og meir av spelet, og spelarar var aleine med målmannen fem- seks gonger utan å laga mål. Til slutt var det Elias som kasta seg fram og heada i mål. 

Laget viste i periodar god fotball der pasningane sat der dei skulle. I alt var det ein god kamp av gjestene, der særleg Erik, Håkon, Sondre, Elvis og Martin i mål spelte opp mot sitt beste.

Desse var med: Martin Bakke, Mattis Utne, Sondre Flygansvær, Elvis Kalvans, Sjur Håvik, Amalie S. Tysnes, Håkon Knudsen, Erik Enes, Sjurd Pedersen, Kenneth Dalland, Einar Stikholmen og Elias Jordal

 

Helge Hauge