Pokalkjøring
9/5/2015 19:24
Anna Therese Rossebø Robinson fortel til Tysnesingen at det i dag har det vore ein hyggeleg dag i stallen på Lunde med pokal kjøring og sosialt samvær.
Dagen starta kl 10 med banebygging, og i pausa før pokalkjøringa, vart det servering av heimelaga muffins og nysteikte lappar.
Det var godt oppmøte med 9 startande ekvipasje frå Nedstrand, Bontveit, Stord og Tysnes.
Kjell Eidsvaag gjorde ein strålande jobb som banebyggar og dommar.
I tillegg var det kjekt at mange tilskodarar, både tobeinte og firbeinte, hadde møtt fram.
Anna Therese seier at brukshestkjøring er ein flott kulturarv som bør haldast ved like, og ho håper interessa forsett og veksa her på Vestlandet.
Dagen vart avslutta med ein tospanntur til Økland retur.
Foto: Anna Therese Rossebø Robinson