Meir fint besøk til sommarens festival!

Publisert av:
23/4/2015 08:20

Konsert i dovregubbens stove med Rune Alver

I Dovregubbens stove kan ein finne mykje interessant; klassiske vestlandskomponister som Grieg, Sæverud og Tveitt, men også musikk frå fjerne himmelstrøk.  Rune Alver tar oss med på ei reise som starter i Norheimsund og ender i Kina. Her får du oppleva nokre av dei flottaste musikkperlene frå Vestlandet.  Pianist Rune Alver er ein av Trollhaugens faste pianister og har eit sterkt forhold til denne musikken.  Han har fleire plateutgivelsar bak seg og driv omfattende turnevirksomhet. Blant anna har han spelt solokonsert i Carnegie Hall i New York, samt i Moskva, Paris, Berlin, Leipzig, Cape Town, Beijing med meir.  Dei siste åra har han også fått eit nært forhald til Tysnes og har hatt privat huskonsert i Lunde i 8 år.

 

Sigurd Sele er ein av dei mest brukte songarane på vestlandet. Han er i tillegg ein habil skodespelar med mykje og mangt på samvetet.

Gjennombrotet hans på scena kom i 2008. Då legemliggjorde han den store helten i muskalrepertoiret, Jean Valjean, hovudrolla i musikalen Les Miserables. Dette var på Den Nationale Scene i Bergen. 

Han gjentok denne rolla i fjor i Haugesund og Sandnes til stor kritikarros.

Han har jobba ved dei fleste teater i Noreg og er «fast inventar» i forestillingane som går føre seg i Moster amfi, i heimkomunen hans, Bømlo.

Til Tysnesfest tar han med seg eit utval av musikalperler og viser han er glad i, og lovar ei intim og fin stund med vakker musikk.

 

Bluescruise med Daniel Eriksen

Tidlegare i år mottok Daniel Eriksen ein meget velfortjent Spellemannspris i bluesklassen for det flotte albumet “Moonshine Hymns”.  

Daniel kjem til Tysnesfest samen med sin faste trommeslager Stig Sjøstrøm. Desse to utgjer ein steintøff bluesduo som høyres ut som eit heilt band. Gjennom mange års tett samarbeid og heftig turnering har dei blitt utruleg samspelte. Kreativ bruk av heile registera til instrumenta, skapar eit lydbilde som har forbløffa mange. 

Daniel Eriksen har i løpet av åra opparbeidet seg eit rykte som ein fremragande slidegitarist, og har turnert på fleire kontinent med si blanding av svingande deltablues og dampande New Orleans-rytmar. I tillegg til å ha studert gamle meistere som Blind Willie Johnson og Mississippi Fred McDowell, har han sugd til seg fystehandslærdom frå moderne utøvare som Roy Rogers, Bob Brozman og John Mooney.

Han har spelt på utallige festivalar og klubbscenar på begge sider av Atlanteren – delt scenen med artistar som Lazy Lester, James Harman, Rick Danko, Grayson Capps og Vidar Busk, samt hatt oppvarmingsoppdrag for blant andre  B.B. King, John Mayall, Robert Plant, Omar & The Howlers og Eric Sardinas.

Stig Sjøstrøm starta sin profesjonelle karriere i ein alder av 16 år som hus-trommis på Wrightegaarden, der han backa bluesartister som Reidar Larsen og Rock Bottom. Ynsket om å lære meir førte han til Frankrike der han studerte klassisk perkusjon og jazz ved konservatoriet i Caen. Han har og studert ved Musikkonservatoriet i Oslo. Ved sida av mykje produksjonsarbeid for teater, har han bl.a. spelt i folkrockbandet The Black Label og samarbeida med den prisbelønte komponisten og saksofonisten Guttorm Guttormsen.

 

Blues cruise med Big Man Bluesband!

Utan tvil ein av våre viktigaste tradisjonar.

Tysnes bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest ”tyngde” i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving. Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Bluesband og ynskja dei velkomen att! Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.

 Sigvart Madsen, Tysnesfest