Politireforma får store konsekvensar for Tysnes og Fusa
1/4/2015 07:36
Det er no vedteke at kommunar med lågt innbyggjartal, samt låg krimrate pr. innbyggjar, ikkje skal ha eige lensmannskontor. Lensmannskontora og politifolka skal erstattast med lovlag. Fom. 2016 startar den nye ordninga, som fyrst vil vere ei prøveordning. Hordaland og Sogn og Fjordane er fyrst ut som pilotfylker, og skal hausta erfaringar før dette vert gjeldande i heile landet.
I fyrste omgang vil ordninga gjelde kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som har lågast krimrate: Tysnes, Fusa, Kvam, Samnanger, Kvinnherad, Gulen, Masfjorden, Solund og Austevoll.
Lovlag
I staden for tradisjonelle lensmannskontor, skal det opprettast lovlag, eller politeam som utvalet i politireforma og nyttar når dei omtalar dei nye distriktseiningane.
Laga vil få utvida mandat og makt utover kva som tradisjonelt gjeld for vakt og sikringslag i dag.
Etter å ha gjennomført 3 kursmodular, skal dei kunna utføre mykje av det som eit ordinært lensmannskontor gjer i dag.
Regjeringsutvalet ser for seg at vaktlag, bygdelag eller private firma kan ta på seg og løyse desse samfunnsoppdraga som tidlegare har vore forbeholdt politiet.
Det er justisminister Anders Anundsen (Frp) som har fremja forslaget som no er vedteke av regjeringa som eit prøveprosjekt, i fyrste omgang i 2 år fom. 2016. Hordaland og Sogn og Fjordane er først ut i pilotprosjektet.
I regjeringsdokumentet kan ein lesa meir om fordelane regjeringa ser for seg med omlegginga; Frigjering av ressursar og meir politi i tettstadane, jamnare maktfordeling i samfunnet, tettare band og meir eigarskap til lovhaldar.
Lag og privatpersonar som ynskjer meir informasjon, eller kunne tenkt seg å jobba i eit av politeama, kan henvenda seg til hordaland.politeam@gmail.com.
Lorentz Lunde, lensmann i Tysnes og Fusa, oppfattar forslaget som useriøst og lite gjennomtenkt. Tilliten til regjeringa var tynnslitt frå før, og vart ikkje betre no seier han til Tysnesingen.no.