Sommartid
28/3/2015 07:12
Søndag 29. mars 2015 vert klokka stilt ein time fram, frå klokka 02.00 til 03.00.
Det vert då ein time lengre lyst om kveldane.
Sommartid er den perioden av året klokkene vert stilt ein time fram samanlikna med resten av året.
Spare straum
Sommartid vart opprinneleg innført i ei rekkje land i Europa under fyrste verdskrig. Hensikta var å nytta dagslyset betre i den perioden av døgnet ein normalt er vaken. Ein lys time ekstra om kvelden ville mellom anna spare energi til oppvarming og belysning.
I Noreg har ein hatt sommertid kvart år sidan 1980.
Omstridt ordning
Ordningen er framleis omstridt, og fleire studier dei seinare åra har knytta tidsjusteringa til negativ effekt på helsa.
Mange meiner ulempene med å stille heile samfunnet fram og tilbake to ganger i året kanskje er større enn gevinsten.
Hugseregel
Du skal alltid stille klokka mot sommaren.
Fram om våren, tilbake om hausten.