God stemning

Publisert av:
8/3/2015 18:54

 

Både skulekorpset og aspirantane fekk i dag syne publikum kor flinke dei er.

Dirigent Yngve Nicolisen har all grunn til å vere stolt, for her var det mykje fint å høyre på.

I tillegg til underhaldninga var det tradisjonelt åresal, trekking av gevinstane i loddbøkene og servering av kaffi og kaker.

Totalt fekk korpset inn kr 36 885, noko som er ny rekord

 

Aspirantane frå 4. klasse: Nicolas, Benjamin, Anna og Justine, spelte ein Abba song og “Lofottorsken”

Aspirantane frå 2. klasse spelte ein rock og ein vårsong

Publikum fekk høyre heile reportoaret Tysnes skulekorps spelt på Vårsleppet i går.

Her er Tysnes skulekorps som spelar “Facinating drums”

[youtube]cxrznT5lgys[/youtube]

 

Tysnes skulekorps takkar alle som gav gevinstar, alle som hjalp til med førebuingane og alle som deltok på basaren.

Foto: Johnny Helgesen