Fagmøte i Tysnes Sau & Geit
8/3/2015 08:05
Torsdag kveld var det fagmøte i Tysnes Sau & Geit. God fôring var tema. Jenny Wright Johnsen som sjølv er sauebonde i Ulvik, og i tillegg jobbar som fagkonsulent i Felleskjøpet Agri, var henta inn for å fortelja om dette viktige emnet.
Ho fortalte om korleis fordøyingssystemet hos sauen fungerte, næringsbehovet til sauen gjennom året og korleis ulikt fôr kan kombinerast optimalt.
På trass av at Jenny W. Johnsen er representant for Felleskjøpet, var ikkje målet hennar at me skulle bruke mest mogleg kraftfôr. Ho var klar på at grovfôr framleis må vere hovudingrediensen.
Alt etter fôrkvalitet, lammetal og tid på året, vil det vera ulike løysingar på kva som er optimal fôring, kor mykje kraftfôr ein skal gi, og om ein i tillegg treng vitamintilskot. Kunnskapen ho delte gjer det lettare å ta dei rette vala i den enkelte bonden sitt driftsopplegg.
Sjølv om mange av dei frammøtte var bønder med lang erfaring, vart truleg dei fleste inspirert på ny til å sjå på eige opplegg. Er det optimalt, eller kan ein gjere endringar som vil verta meir gunstig for drifta?
Leiar i Tysnes Sau & Geit, Oddvar Lunde, seier til Tysnesingen at han var godt nøgd med både føredraget og oppmøte. Laget har fått fleire nye medlemmer i 2015, noko Oddvar er veldig nøgd med. Han seier laget er meint for alle som har sau eller geit, både små og store besetningar er like velkomne i laget!