Markering av Bibeldagen

Publisert av:
31/1/2015 12:58

I Onarheim kyrkje deltek konfirmantane frå Onarheim med innslag og vi markerer Bibelselskapet sitt engasjement for bibelarbeidet i Egypt.

I Tysneskyrkja er det TOPP-gudsteneste og 11-åringane får utdelt Nytestamente.

TOPP er ei forkorting av TrusOPPlæring. Trusopplæringa i Tysnes har ein visjon: “Saman i tru, håp og kjærleik.” Gjennom trusopplæringa skal barn og unge mellom 0 og 18 år i Tysneskyrkjelydane få tilbod om systematisk trusopplæring, slik at dei personleg og i fellesskap vert bevisst trua si, kjenner Håpet og lever i Kjærleiken.