Publisert av:
16/1/2015 10:33
30 – 40 mistar jobben i Harding
På torsdag vart dei tilsette orienterte om at mellom 30 og 40 vil mista jobben sin i mars/ april pga. minkande ordrar.
– Vi er som dei fleste andre som jobbar med offshore påverka av marknaden der. For vår del betyr det først og fremst mindre produksjon av livbåtar til næringa, noko som gjer at vi rett og slett har mindre å gjera på fabrikken vår i Ølve. Derfor må vi tilpassa oss etter det, seier administrerande direktør Styrk Bekkenes til Kvinnheringen.
På verdsbasis er det for tida bra med aktivitet for Harding, men på livbåtane er etterspørselen låg no.
I dag er det rundt 100 tilsette ved produksjonen i Ølve.