Fleire utan signal ein periode

Publisert av:
12/12/2014 16:34

Sentral elektronikk for fordeling av Tysnes Breiband sine signal kopla ut i toreveret torsdag kveld, 11.12.

Dette førte diverre til at dei fleste Altibox-kundane på Tysnes var utan signal omlag ein halv time frå kl 1930.

I tillegg var det ustabile signal for kundar nær Søreide ein liten periode seinare på kvelden, grunna uro i straumnettet.

Tysnes Breiband oppmodar om å kopla fibersentral og tv-dekodar frå straumnettet når det er torever!

Dette gjeld også der det er montert overspenningsvern i straumuttak eller i sikringsskapet.

Det har vore feil på ein del breibandsutstyr hos kundar denne veka, og det kan diverre bli kø for feilretting dersom toreveret held fram.