Nytt Liv påTysnes
30/10/2014 20:10
At kristenlivet mange stader i kommunen vår er prega av vekst i revers, er ei kjensgjerning. For majoriteten i kommunen betyr dette truleg lite. Men for kristenfolket sjølv er dette tragisk. Men kanskje det mest tragiske er at trua på nytt liv i bedehusa våre er mest fråverande. Eg er redd for at tanken og haldninga hjå dei fleste er at dette må vi berre leve med.
I mai i år hadde menigheita Nytt Liv Sunnhordland for første gong møte på Tysnes. Det var ikkje mange frå lokalmiljøet som møtte. Men eg og Liv, kona mi var der. I alle dei år sidan vi møttes og vart gift, har vi vore med i ulike evangeliske frimenigheiter. Når no Nytt Liv Sunnhordland vill freista starta eit nybrotsarbeid inn i kommunen vår, ser vi det som svært naturleg at vi er med i dette.
Utfordringane dette medfører, er vi svært medvitne om. Ikkje alle vil ønskja noko nytt velkommen. Å ha det slik vi er vante med, er no det tryggaste og det kjekkaste. Sanninga i slike tankar, må aldri trekkast i tvil. Men spørsmålet som er mykje meir relevant er dette: Er Guds rike tent med dette?
Frykt for konkurranse om tilslutning, er eit anna forhold vi må vera merksam på. Til det vil eg seia: Om vi som kristne endeleg skal konkurrera, så er der berre ein form for kappestrid Bibelen kjenner til: Å kappast om å heidra kvarandre. Rom. 12,10. Så lenge vi som kristne kappes på denne måten, vil all frykt for annan konkurranse vera fråverande. Og når Paulus kunne gleda seg over at evangeliet vart forkynt av nokre i si samtid på grunn av misunning og stridslyst (Filip 1,15), ja så må vel vi kunne gleda oss over ein kvar som vil forkynne Kristus med gode motiv.
Å lukkast med å kommunisere vår kristne tru til menneske i eit sekularisert og mykje avkristna samfunn, byr på utfordring. Men Jesu ord «Følg meg, så skal eg gjera deg til menneskefiskar» gjeld framleis. Og Salomo sine ord i salme 72,17 står framleis ved lag: «Så lenge sola skin, skal hans namn skyta friske skot.»
Tysdag 4. november kjem menigheita Nytt Liv Sunnhordland til Tysnes att. Denne gongen saman med Evangeliesenteret. Evangeliesenteret sitt gode renommé blant kristenfolk og anna folk, er velkjent. Gründeren Ludvig Karlsen vart vi alle glade i. Kor vidt det vil lukkast å vinna nye for Kristus, vil framtida vise. Om det berre vert ein, vil det skape glede i Himmelen. Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. Lukas 15,7. Når Himmelen kan glede seg over det, då vil eg og. Og eg vonar du vil vera med meg i den gleda.
Kåre Torbjørnsen