Vann Fitjardalten

Publisert av:
25/10/2014 11:23

Nærmare 150 personar deltok i årets løp, som var ein auke i forhold til i fjor. Av dei som deltok i konkurranseklassen var det 10 kvinner og 38 menn.

For dei tre beste mennene var resultatet slik:
Anders L E Magnussen på tida 23.51.
Bård Inge Bø  23.56.  
Rune Kvilhaugsvik  24.10.

Dei tre beste damene kom i mål med desse tidene:
Nina Aarbø Olsen   26.53.
Solfrid Sandvik Bø  30.07. 
Ina Engevik  30.29.

Inne i foajeen i kulturhuset var det sal av betasuppe og vaflar m.m., og det var god stemning blant dei mange som deltok i løp og turmarsj – og arrangøren Fitjar IL, er godt nøgdmed auken i deltakartalet samanlikna med i fjor. 


Anders Magnussen i midten.

Foto: Fitjarposten.no, Rolf Atle Rolfsnes