Publisert av:
22/10/2014 08:39
Islandskveld på Sundags-akademiet
Han vil også informera om dei kulturhistoriske reisene som vert arrangert til sagaøya, med han sjølv som reiseleiar. Det blir også eit innslag om Ole Myklestad, tysnesingen som på byrjinga av 1900-talet berga Islands sauebestand og vart sett på som ein nasjonalhelt. Kaare Malkenes vil fortelja om kva som no vert gjort for å ta vare på minnet etter Ole Myklestad. Alt i alt trur me dette skal bli ein kjekk kveld for alle som er interessert i sagaøya i nord.
Som vanleg vert det sett av tid til ein rikeleg kaffidrøs midtveges i programmet.
Tid og stad: Sundag 26. oktober, biblioteket i Tysneshallen. Gratis adgang.
Arr. Tysnes folkebibliotek
Knut Rage, bibliotekleiar