Gutar16: Njardar/Tysnes – Rosendal 1 – 7

Publisert av:
29/8/2014 07:24

Rosendal stilte med 7ar- lag i tredje divisjon i vårsesongen. I tillegg hadde dei eit 11-ar-lag i 2. divisjon. I sommar trekte dei andredivisjonslaget og oppgraderte 7ar-laget till 11ar-lag.

Det var tydeleg at Rosendal var van med gode motstandarar. Dei var mykje tøffare i duellane enn Njardar/Tysnes. 

Njardar/Tysnes har vunne dei fleste kampane med store siffer utan å få bryna seg. Difor vart spelarane i mange situasjonar for passive, og det vart gjort mange unødvendige feil. Rosendal tok leiinga, men Alf Inge utlikna til 1-1 i første omgang. Like etter utnytta Rosendal avventande forsvarsspel, og gjekk opp i 2- 1. Etter det var løpet køyrt frå Njardar/Tysnes si side. Resultatet ved pause var 3- 1. 

Rosendal overtok leiinga på tabellen eitt poeng føre Njardar/Tysnes. Njardar/Tysnes har eit lettare program igjen enn Rosendal, men held Rosendal fram som mot Njardar/Tysnes, vil dei vera vanskelege å stoppa.

Helge Hauge