Friviljugfest etter Tysnesfest!
25/8/2014 07:02
Takk!
Tysnesfest 2014 er allereie innskriven i historiebøkene. Nasa er snudd framover, og attende ligg gode minner, flotte bilete, mykje etterarbeid og 23 305 besøkande!
MEN, det er ein vesentleg ting som står att etter årets festival:
-Me vil gjera stas på alle dykk som på eine eller andre måten var med å skapa det magiske eventyret Tysnesfest vart!
-Anten du lånte ut utstyr, tomta di, eller var ein av dei mange friviljuge som var med å dra lasset, og som på eine eller andre måten bidrog til at Tysnesfest 2014 gjekk inn i historein med suksess, så bør du lesa invitasjonen under!
Friviljugfest etter Tysnesfest!
Ta med det du ikkje kan gå ut døra utan å ha med, og bli med på friviljugfesten etter Tysnesfest 2014!
Det du treng å veta er:
-Festen blir i Vonheim Fredag 19. september klokka 19.00
-Me som arrangerar syt for at føresetnadar for trivsel er tilstades
-Mandelhuset vil levera både mat til store og små.
-Det vert sal av drikke til både køyrande og passasjerar
-Til maten får alle kvar sine 2 drikkebongar
Det blir eit underhaldningsopplegg med oppsummering av årets festival med både bilete og film, samt talar og pang! Ein aldri så liten konsert lyt ein vera førebudd på og…
Dette vert heilt sikkert ein rasande kjekk kveld!
Meld deg på til maria@tysnesfest.no – eller sms til 90655788.
Påmeldingsfrist: 12. September.
Velkommen!
Med helsingar frå styret i Tysnesfest