G 16: Stord 3 – Njardar/Tysnes 0 – 10
22/8/2014 13:04
Bortelaget dominerte heile kampen, og sigeren kunne vore langt større med betre utteljing.
Njardar/Tysnes har på treningane lagt stor vekt på presisjon i pasningane og god rørsle utan ball, og i kampen såg ein resultatet av dette. Pasningane hadde stort sett god adresse, og motstandaren vart direkte utspelt i store periodar. Spissane låste forsvararane slik at kantspelarane fekk store rom å boltra seg på. Fleire av måla kom etter fine gjennomspel frå midtbanen.
Spelarane til Njardar/Tysnes var skjerpa med unnatak av ein periode i byrjinga av andre omgang då laget sleppte seg litt ned. Laget har mista to sentrale spelarar sidan i vår, men me har også fått to nye slik at me framleis har 14 spelarar. Dette har ført til ein del omlegging av spelestilen.
Målscorarar : Erik 3, Karl Henrik 2, Vegard 2, Håkon, Alf Inge og Benjamin.
Desse var med. Martin Bakke, Sondre Flygansvær, Ørjan Pettersen, Elvis Kalvans, Kenneth Dalland, Håkon Knudsen, Johannes Haugsgjerd, Erik Enes, Vegard Kleppe, Alf Inge Stue, Benjamin Peters, Sindre Økland, Håvard Helvik og Karl Henrik Helgesen.
Tekst: Helge Hauge