Publisert av:
22/7/2014 12:12
Mytologifestvalen på Hatlestrand
Til helga går den årlege Mytologifestivalen i Lundahegni naturpark på Hatlestrand av stabelen med eit variert program tre dagar til ende. Tema for dette året er “lagnad”. Festivalen vert avslutta med ein rundtur på gudeøya Tysnes, der det m.a. vert halde ein rituell seremoni ved det heilage Vevatnet.
Fredag kl 19 vil Toril Nikolaisen Kilde frå Oslo halda foredrag om norrøn spiritualitet før konsert med Megan Löwe. Laurdag er det marknad og leikar på dagtid, med fleire konsertar om kvelden. Sundagen er i sin heilskap sett av til ei rundreise på gudeøya Tysnes, med Knut Rage som lokal guide.
Stad: Lundarhegni Naturpark, Hatlestrandsvegen 761 (litt forbi Gjermundshamn)
Meir info https://www.facebook.com/Mytologifestivalen?fref=ts