Nok ein strålande Tysnesfest er over
14/7/2014 11:19
Dei siste 5 dagane er det Tysnesfest som har vore gjeldane, og på ny gjort Tysnes “større på kartet”.
Heile 23 305 personar har vore på festivalen. Dette er endo ein ny imponerande rekord som arrangør, friviljuge og alle på heile Tysnes skal vere veldig stolt over.
Mest folk på eit arrangement var det på konserten på Gjerstad arena fredagen, då heile 5119 personar deltok fortel festival sekretær Maria Therese Avalos-Rønneseth til Tysnesingen.no
Festivalleiar Sigvart Madsen oppsummerer årets Tysnesfest slik til avisa Sunnhordland:
– Det har gått som ei kula! -alt har gått veldig fint. Det har vore folk overalt, og stormande jubel.
Festivalen har fått mykje god medieomtale utanfor øya:
– Suksess for Tysnesfest, Ba.no
–Full klaff for Tysnesfest, Sunnhordland.no
– En fantastisk festival, Nytt i Os.com
– Livet på Uggdal (festivalcampen), Midtsiden.no
– Full fart på Tysnesfest, båtmagasinet
– Tysnesfest er i gang, Bt.no
– Liv og røre på Tysnesfest, Nrk.no (med video)