Tysnes- mesterskap i hagleskyting
21/5/2014 20:24
Det er i år arrangert Tysnesmesterskap i hagleskyting, og sidan me ikkje har haglebane på Tysnes blei mesterskapet avvikla på Bømlo Jakt- & Fiskelag si bane på Gilje tirsdag 20.05.14. Det var ein fin gjeng som tok turen til Bømlo, og været viste seg frå si flottaste side. Nokre meinte at det kanskje var vel flott vær, då sola blenda på dei spenstigaste holda.
Mesterskapet blei avgjort med 25 skudd på Trap bane og 25 skudd på sporting bane.
Tysnesmeister 2014 blei Jørgen Dale med 38 treff. For dei fleste som var med på dette stevnet var det fyrste gong ein stilte på eit slikt stemne, men me kan vel sei dette gav meirsmak. Tysnes Jakt- & Fiskelag kjem til å sette opp medlemstur til Bømlo med ujevne mellomrom, Tysnesmeisterskap til neste år.
Komplett resultatliste:
| Jørgen Dale | 38 |
| Hans Gransjøen | 27 |
| Ole Christian Kjerrgård | 25 |
| Richard Skorpen | 23 |
| Bjarte Erstad | 21 |
| Magnar Solheim | 18 |
Tekst og foto: Bjarte Erstad