Alsaker konsern i 2013
21/5/2014 09:51
Konsernet sin omsetnad auka med over 290 millionar kroner, frå 879 millionar i 2012 til 1.169 millionar i 2013. Auken i omsetnad kjem i all hovudsak frå ein betydeleg auke i snittprisen for laks for 2013 samanlikna med året før. Resultat før skatt enda på 346 millionar kroner mot 48 millionar i 2012.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2013 fem smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.
Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2013 produserte konsernet i overkant av 34.000 tonn laks, mot i overkant av 37.000 tonn året før.
Produksjonsmessig har 2013 vore eit middels godt år for konsernet. Både produksjons- og slaktekvantum gjekk litt ned samanlikna med året før. Den kalde vinteren, med sjøtemperaturar i periodar ned mot 1-2 grader, gjorde at fôring og tilvekst blei redusert i første halvår.
Konsernet har arbeidd hardt og målretta over fleire år for å betra helsesituasjonen i matfiskanlegga. Dette har gitt gode resultat, og i 2013 hadde ein berre eitt nytt utbrot av fiskesjukdomen pancreas disease (PD), men talet på daufisk i samband med utbrotet var relativt lågt.
I 2013 hadde konsernet 185 årsverk, og konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein veldig sterk etterspurnad gjennom heile 2013. Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med cirka to prosent medan gjennomsnittsprisen på laks auka med heile 44 prosent samanlikna med året før.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på 751 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 48 prosent.