God kamp av G 16
28/4/2014 07:45
G 16 laget til Njardar/Tysnes var laurdag til Rosendal og spelte 7ar kamp mot Rosendal/Uskedal 2.
Gjestene reiste heim med siger 11 – 2 etter at stillinga ved pause var 2 – 1.
I første omgang hadde Njardar/Tysnes eit lite overtak, men det var Rosendal som fekk det første målet. I andre omgang dominerte Njardar/Tysnes totalt, og Martin i mål var mest heilt arbeidslaus.
Laget fekk igjen for hard trening i heile vinter og vår.
Like gledeleg som resultatet var spelet gutane til Njardar/Tysnes viste. Spelarane brukte det dei hadde trent på. Forsvaret rydda godt opp, og framover på banen vart det lagt vekt på samspel og gode løp.
Jonas 4, Erik 3, Karl Henrik 2 og Ørjan 2 laga måla.
Desse var med: Martin Bakke, Elvis Kalvans, Ørjan Pettersen, Erik Enes, Johannes Haugsgjerd, Karl Henrik Helgesen, Jonas P. Fosså og Vegard Kleppe.
Tekst: Helge Hauge