Midlar til kulturminnetiltak
25/4/2014 18:36
9. april fordelte Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune i overkant av 12 mill. til freda hus og bygningar i Hordaland. Midlane skal brukast til å setje i stand viktige kulturminne.
Det har dei siste åra vore ei auke i interessa for kulturminnevern. Ein finn mange verneverdige kulturminne som ikkje er freda. Den fylkeskommunale tilskotsordninga til vern og vøling er eit viktig verkemiddel for desse.
På Hordaland Fylkeskommune si nettside kan ein vidare lese at ordninga skal vere til hjelp for å nå måla sett i fylkesdelplan for kulturminne, og skal skape ei positiv utvikling kulturminnevernet i Hordaland.
Det er sett av kr. 750.000 til dette føremålet, medan den samla søknadssummen for 2014 var om lag 12 mill. Det vart motteke 60 søknader og 32 av desse får tilskot. Den største einskildløyvinga gjekk til Årbakka handelstad i Tysnes kommune.
Heile artikkelen og lista over tildelte midlar finn du her.