Publisert av:
16/4/2014 14:53
Informasjon om skuleskyss etter påske
Også etter påske vil skuleskyssen for elevar ved Tysnes skule bli gjennomført på same måte som før påske. Vegen frå Onarheim kyrkje over fjellet til Uggdal er framleis stengt for køyretøy med akseltrykk over 6 tonn. Bussane til Tide er for tunge og vert difor ramma av denne restriksjonen.
Elevar i området rundt Onarheim skule, Espevik, Langeland og Skaten må difor framleis ta buss om Hodnanes. Elevar busett i Uggdalsdalen vil som før bli henta med drosje.
Are Sæverudsø Lygre
Rektor, Tysnes skule