Atheno dagar

Publisert av:
19/3/2014 20:42

Atheno er næringsutviklingsselsksapet i Sunnhordland, og tilbyr ei rad tenester til medlemmer og andre aktørar som ynskjer å etablere seg, eller som ynskjer å vidare utvikle seg som verksemd. 

 

MEDLEMSARENA tysdag 25. mars 

Atheno får besøk frå SIVA av Ola Borten Moe, direktør for innovasjon, og Jon Johansen, programdirektør. 

SIVA er ein viktig samarbeidspart og eigar i Atheno. Dei står mellom anna bak NCE-programmet (Norwegian Centres of Expertise), i samarbeid med Innovasjon Norge og Forskingsrådet. Saman med medlemmane til Atheno, vil dei presentere SIVA som eigar i eit framtidsretta regionalt innovasjonsselskap (Ola Borten Moe). 

Atheno står bak søknad om eit NCE Sunnhordland, og Johansen vil orientere om NCE-programmet for klyngeutvikling og sjå på hensikt og overordna mål og erfaringar ein har med dei 12 NCE som er i Noreg i dag. http://www.nce.no/ 

 

START-OPP SAMLING onsdag 26. mars 

På Atheno si Start-Opp samling får ein vita meir om aktuelle tema som er nyttig for dei som har starta, eller skal starte eiga verksemd. Deltakarane vil mellom anna få høyre kva Atheno kan hjelpe med og ein bank vil informere om finansiering og kva som er forventa av ein ny etablerar. Frå rekneskapsbyrå vil det bli orientert om krav til rekneskap og revisjon, og Skatt Vest vil gi ei innføring i offentlege plikter og val av selskapsform. I tillegg får deltakarane møte lokal gründer som skal fortelja om sine erfaringar frå oppstart av eiga verksemd, og det vil vere høve til å stille spørsmål. 

Start-Opp er eit tilbod til dei som vurderer å starte eiga verksemd, eller som nett har starta opp, og deltakarane får her vita meir om aktuelle tema i ein oppstart fase. 

 

GRÜNDERPULS torsdag 27. mars 

Torsdag 27. mars vert det gründerpuls på Stord med tema “Orden i sysakene”. Det vil bli diskusjon kring kvifor det er viktig å ha orden i “sysakene” og ha det “ryddig i huset”. Som gründer er fokus ofte på å drive med produktutvikling og å skaffe sine fyrste kundar. Administrative rutinar vert ofte nedprioritert. 

Innleiar på gründerpuls denne gong er Torstein Skage som er partnar og kommersialiseringsrådgjevar i Nordcap AS, et Bergens basert rådgjevingsmiljø, innan forretnings- og organisasjonsutvikling. Torstein har bakgrunn som gründer, styremedlem/-leiar og investor. 

Gründerpuls presenterer aktuelle tema, og rettar seg særskilt mot ny etablerte, men alle er velkomen! Dette er ein arena for å treffe andre i same situasjon, knyte kontaktar og få kunnskap om tema som er kjent for gründerar. 

 

Arrangementa finn stad i Kunnskapshuset, Sæ, Leirvik og det vert høve til å sjå Atheno sine nye kontor lokaler og inkubator kontor. 

For meir informasjon, kontakt Atheno AS ved Torill Berge Nøstvåg, tlf 918 41 158