Solistkonsert
17/3/2014 09:47
På denne konserten har musikklaget invitert med gjester og solistar som me håpar vil vera med å gjera denne ettermiddagen til eit musikalsk høgdepunkt. Me vil få høyra både song- og instrumetalsolistar utanfor korpset og sjølvsagt solistar frå laget sine eigne rekkjer. Songarane Eirik Dalland, Marianne Tvedt og Monica D. Epland vil delta både ilag med korpset og med eige komp, og Endre og Tore Hodneland trakterer tangentar og gitarer.
Tysnes Musikklag vil framføra musikk frå sitt rikhaldige repertoar, og vil få presentera nokre av sine framifrå solistar denne ettermiddagen. Konserten vil ikkje ha eit utprega religiøst innhald til tross for at den vert halden i kyrkja. Ein vil syna for publikum det flotte konsertlokalet kyrkja er, og under konserten vil heile kyrkjerommet verta nytta for å skape eit stemningsfullt og spennande lydbilete.
Så om du ynskjer ei stemningsfull stund ilag med andre musikkglade vener og kjente, vil ein tur i Tysneskyrkja, laurdag i palmehelga, vera å anbefale.
Vel møtt !
Tysnes Musikklag