Oppstart av fengjande aktivitetar

Publisert av:
7/3/2014 07:04

10.mars kl 14.00 – 15.30 i Stord Idrettspark på Vikahaugane, blir det oppstart av kurs for personar med parkinson eller andre nevrologiske diagnosar. Kurset vil i fyrste omgang gå over 8 gangar. Det vil vere fokus på spanande og kjekke aktivitetar og trening som har dokumentert positiv effekt.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Stord kommune i regi av Frisklivssentralen og Sunnhordland Parkinsonforbund. Midlar til prosjektet er tildelt kommunen frå Helsedepartementet.

Dei som ynskjer å delta kan møte ved hovudinngangen på Stord Idrettspark kl. 14.00. 

For meir informasjon og spørsmål kan de kontakte:

Åshild R. Tonning, prosjektleiar og leiar for Frisklivssentralen på Stord, tlf 90750319.

Reidun Aarskog, logoped, tlf 97798847.

Marit Digernes, Sunnhordland Parkinsonforbund, tlf 97010886.