HV-øving i Fusa

Publisert av:
17/2/2014 07:21

For dei fleste som meir eller mindre frivillig vert kalla inn til HV-øving, kan det vere utfordrande å få det til å passe inn i eit stramt tidsskjema. Men når ein fyrst er med på øving er det om å gjere det beste ut av det, både sosialt og med tanke på opplæringa.

Øvinga i Fusa med HV-09 starta på fredag og pågår no for fullt fram til og med måndag. Frå Tysnes deltek det i år omlag 15 personar på øvinga.

Når det vert ventetid mellom dei ulike treningsopplegga, hjelper det godt på at soldatane frå Tysnes er komen i same troppen og trives godt saman.

Kaptein Bjørn Arne Braathen som er områdesjef seier til Tysnesingen.no at øvinga denne gongen var retta mot objektsikring og mobil overvaking. Området heiter Ytre Hardanger HV og ligg under Bergenhus Heimevernsdistrikt HV09. 

Han fortel vidare at dei under øvinga fekk besøk av Ordføraren på Tysnes, og formannen i Heimevernsnemda frå Tysnes. Dei tre andre kommunane Samnanger, Fusa og Kvam stillte ikkje med kommunale representantar. 

Til slutt rettar han ei takk til Tysnesingane som stillte opp slik dei alltid gjer. og rosar soldatane for ein god innsats.