Tysnes Sparebank i BT

Publisert av:
14/2/2014 07:38

I artikkelen snakkar dei blandt anna med Lars L. Øyjord frå Rosendal, som driv eigne verksemder i Kvinnherad.

-Sidan oktober har eg vore kunde i Tysnes Sparebank. No føler eg at eg på ny har fått ein lokalbank som kan finna løysingar dei store bankane ikkje greier, fortel han til Bergens Tidende.

Og banksjef Dag Sandstås fortel til BT at han ser lyst på framtida:

– For å veksa slik vi har tenkt, må vi ha 500 nye personkundar og 15 nye bedriftskundar i året. Det har eg god tru på at vi skal få i kommunane rundt øya, folk som bur innan ein times reisetid frå Våge.

Heile artikkelen kan du lesa i gårsdagens BT, eller på deira betalings-nettsider ved å trykkja her.