I dag er det «kom deg ut dagen»

Publisert av:
2/2/2014 09:09

«Kom deg ut dagen» vert arrangert av Den Norske Turistforeining sine medlemsforeiningar rundt om i landet to gongar i året; no i  februar og til hausten att – i september. Hensikta er at folk skal få ein smakebit av friluftslivet.

Her på Tysnes kor me ikkje har ei medlemsforeining, må kvar og ein organisera turen sin sjølv i dag. Været  er så langt i dag ikkje det heilt store, eit alternativ kan jo då vere å leggje «turen» ned til Tysneshallen å sjå på kampane der. Her er det underhaldning frå kl. 11.00 – 17.20 i dag!

Stord/Fitjar Turlag markerer kom deg ut dagen i dag på Lundastøl.