Handballkampar i hallen 15. desember

Publisert av:
16/12/2013 05:39

I dag vart det spillt tre kamper i Tysneshallen.

 

Først ut var  Jenter 13  som hadde Gneist på besøk.
Kampen starta nokså likt mellom dei to laga og resultat til pause var 5-4 til Tysnes Jentene.

I andre omgang så viste Tysnes Jentene flotte takter og drog fra gjestene der sluttresultatet vart 14-9 og fin heimesiger.

På scorings lista: Ayleen Hagen (7 mål) Sara Vee (5 mål) Lena Nordal (1 mål) og Tea Kleppe (1 mål)

 

Andre kamp for dagen var Tysnes Damene som møtte Knarvik, gjestene stilte med lite manskap.
Allerede fra start så såg me at Tysnes Damene overkjørte dei tilreisande.

Til pause var stillinga 25-6 til Tysnes.

Før endt ordinær tid i andre omgang så vart kampen avbrutt p.g.a ein stygg skade for ein gjestespelar,

Knarvik kunne ikkje fortsetta ettersom dei mangla spelarar og vart no for lite manskap.
Sluttstillinga vart 28-6 til Tysnes Damene.

Dagens tredje kamp var Tysnes Jenter 14 mot Gneist. Dette vart ein svært underhaldande kamp som det lyste spillerglede av og ein kunne sjå mangen klasse scoringer på rekke og rad.

Til pause var resultatet 10-1 til Tysnes Jentene og tilskuarane kunne berre gleda seg til andre omgang.

I andre omgang så fekk Gneist opp farten noke, men Tysnes Jentene haldt dei på behagelig avstand heile tida og kunne slutta av kampen med 18-9 og heime siger.

På Scorings lista: Tea Mål maskin Sløgedal (15 mål) Ingrid M Rosseland (2 mål) Kristianna (1 mål)

Inlegg av Terje Dalsgård