Haustseminar

Publisert av:
15/11/2013 19:36

I Høve det årvisse Haustseminaret i regi av Tysnes Næringsråd, var representantar frå det lokale næringslivet samla til middag og foredrag på Haaheim.

Lokale verksemder
Microman AS og Tysnes Industri AS var i år valt ut frå dei lokale verksemdene til å halde foredrag, og fortalte om sine verksemder. 

Kolbjørn Tvedt frå Microman fortalte blant anna om ein svært spennande og revolusjonerande maskin for avlusing av laks. Maskinen baserte seg på bruk av varmt vatn til prosessen med å fjerne lusa. Microman og samarbeidspartnarane er no kome langt i utprøvingsfasen. Prototypen viser veldig lovande resultat, og det vert stadig gjort forbetringar på denne.

Tysnes Industri, ved underteikna, fortalte om det store spekteret av produksjon bedrifta hadde og om kundar i heile Hordaland. 60 % av omsetninga til bedrifta kom frå sal av varer og tenester. Dei ulike arbeidsoppgåvene til bedrifta var og grunnsteinen i attføringsarbeidet.

Tenk regionalt
Anne Grethe Sandtorv frå Stord Næringsråd hadde fokus på Sunnhordland som ein region og meinte me framover måtte tenkja meir utover eigen kommune, og heller regionalt samarbeid og muligheiter.

Leiar i Tysnes Næringsråd, Bjarte Erstad, leia kvelden. I presentasjonen av kveldens hovudforelesar, Ingvald Wilhelmsen, Kunne Bjarte forsikre forsamlinga med at det var ikkje sikkert ein var sjuk sjølv om ein vakna liggande! Wilhelmsen haldt eit svært interessant foredrag der hovudtema var å ta ansvar for eigne haldningar, og å velga dei rette haldningane. 

Heilt konge!
Gjennom heile føredraget kom han stadig med artige eksempel frå dialogar med sine pasientar på Hypokonderklinikken, samt mange gode sitat frå sjølvaste Kong Harald, som var hans store forbilde når det gjaldt haldningar!

Underhaldning
Marianne Tvedt og Anders Dalland sytte for flott musikk mellom den gode maten og føredraga. Dei hadde blant anna ein eigen veldig fin versjon av Kaizers Orchestra sin Hjerteknusar. 

Foto: Elin Anita E. Erstad