Gutar 14 år
30/10/2013 12:20
Rosendal/Uskedal vart nok ein gong for sterke for Njardar/Tysnes. Gjestene kunne reisa heim med siger 7 – 5, og dermed har laget vunne alle sine 20 seriekampar i år. Njardar/Tysnes vart ståande med 14 sigrar og 6 tap, fire av dei mot Rosenda/Uskedal. Njardar/Tysnes vart nummer to i pulja.
Rosendal/Uskedal starta kampen best. Laget spelte til tider bra fotball, og på midtbanen hadde dei ein spelar som styrte spelet med godt overblikk samstundes som han gjorde mange gode prestasjonar. Njardar/Tysnes vart oppjaga, og det vart litt for mange feilpasningar. Eit par av måla kom likevel etter godt spel.
Desse var med: Martin Bakke, Jakob Lande, Kenneth Dalland, Sondre Flygansvær, Erlend Magnussen, Benjamin Tho, Erik Enes 2, Håkon Knudsen , Alf Inge Stue 3, Thomas Hjelland og Ludvik Dalland
Tekst: Helge Hauge.