Vintertid

Publisert av:
26/10/2013 11:58

Høsten har for lengst tatt tak i oss, og vinteren står no for tur. Natt til søndag skal derfor klokka stillast ein time tilbake, og me går då over til vintertid.

For mange vil det vera kjærkomment med ein time ekstra helg, medan andre ikkje heilt forstår kvifor me skal ha denne omveltninga i kvardagen vår.

Personen som først kom med dette forslaget var sjølvaste Benjamin Franklin i 1784, men det vart ikkje sommartid i europa før i 1916. Då var det Tyskland og Storbritania som tok det først i bruk. Det var krig, og tanken var å spara straum å ha ein time meir lys om ettermiddagen. 

Ein grei huskeregel på kva veg ein skal stilla klokka, kan vera å stilla klokka mot sommaren. Altså ein time fram om våren, og ein time tilbake om vinteren.