Invitasjon til styrekurs

Publisert av:
24/10/2013 06:24

Uavhengig av ståstad, så er det er ein sterk trend i retning av å opp gradere styret si betyding for utviklinga av ei bedrift. Dette skjer parallelt med at styret sitt ansvar stadig oftare vert gjort gjeldande. Atheno inviterer til gründerpuls tysdag 29. oktober, med fokus på styrearbeid.

 

Her vil du få høyra om korleis ein eigar kan profesjonalisere si eigar styring gjennom styret, og få meir ut av bedrifta. Kva kan ein eigar forvente av sitt styre, og korleis kan styret bli meir verdiskapande? Korleis kan styret sikre god styring og godt leiarskap, og korleis bør dagleg leiar og administrasjon handtere styret? Kva gjeld i ny etablerte bedrifter, og kva gjeld i meir etablerte? 
Dette og mykje meir vil bli formidla på denne gründerpulsen, som er ein arena der etablerte og ny oppstarta verksemder kan treffast og få påfyll med aktuelle tema. 
Under temaet Styrearbeid, vil du få vite litt om det du treng å vite om det formelle og juridiske, kva rolle og posisjon styret kan og bør innta, korleis styret bør operere meir konkret, og korelis ein kan få mest mogeleg ut av styret som gruppe og det enkelte styremedlem. Like nyttig for nye styremedlemmer, som formeir erfarne. 
På gründerpuls er terskelen låg for deltaking, og det er ein uhøgtidleg møteplass og nettverksarena for bedrifter og personar, gjerne i etableringsfasen,som ynskjer å treffa andre i same situasjon. Det vil bli høve til prat og spørsmål etter minikurset. 
Victor Jensen frå Styreakademiet som skal forelese, er godt utdanna og erfaren eigar,styreleiar/styremedlem, leiar og rådgjevar gjennom ei rekke år. Jensen er leiar i Styreakademiet i Hordaland, og har stått for ei rekke styrekurs og arrangement for styreinteresserte. Jensen er pedagog av utdanning, og driv eit rådgjevingsselskap innan strategi, organisasjon og leiing. Han er svært engasjert i styrearbeid, og har glede av å formidle teoriar og praksis om emnet. 
Alle er velkomne! 
Gründerpuls finn stad på Stord Hotell, tysdag 29. oktober kl 12:00 – 15:00, der alle er velkomne.

 

Klikk her for påmelding. Påmeldingsfrist innan 25. oktober.
Gründerpulser eit samarbeid mellom Atheno og NAV Jobbservice.