Pressemelding
22/10/2013 06:30
Sunnhordlandsbiblioteka har gått saman om å oppretta ei felles nettside for biblioteka i Etne, Kvinnherad, Sveio, Stord, Bømlo, Tysnes, Fitjar og Austevoll. På www.sunnbib.no kan ein lesa nyhende frå biblioteka og sjå kva arrangement som går føre seg. Ein kan også gå inn på eigen profil og bestille bøker, fornye lån og halde seg oppdatert på nye titlar biblioteka tek inn.
Sunnhordlandsbiblioteka har fått hjelp av Hordaland Fylkesbibliotek til å opprette og pusse på sida. Nettsida står no fram som meir funksjonell og brukarvenleg enn den opphavlege.
Re lanseringa vert markert fredag 25.oktober kl. 13-14, på Fitjar folkebibliotek. Alle biblioteksjefane vil vere representert, samt Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt. Biblioteksjef i Tysnes kommune Knut Rage vil ha eit innlegg om «Sunnhordlandslitteratur, Sunnhordlandsforfattarar og Sunnhordlandsbiblioteka».
Kontaktperson Tysnes
Biblioteksjef ved Tysnes folkebibliotek: Knut Rage
Mobil: 46 77 25 90 e-post: tysbib@online.no
Leiar Sunnhordlandsbiblioteka
Astrid Dreveland, Bømlo folkebibliotek