Haustkonsert i Tysnes Kyrkje

Publisert av:
16/10/2013 20:33

Os Mannskor har hatt for vane dei siste åra å vitja ulike kommunar i fylket med ein haustkonsert. I fjor gjekk turen til Varaldsøy og i år til Tysnes kyrkje på Våge søndag 20. oktober.

Os Mannskor legg vekt på å samarbeida med eit lokalt kor og folk kan i år gle seg til å få høyra  i tillegg til Os Mannskor, Tysnes kammerkor under leiing av dirigent Espen Selvik og ein avdeling av pianisten Marina Kan. Ho er frå Russland, men bur i Gulen i Sogn

Tysnes Kammerkor har 20-års jubileum i år som tidligare het «Kor som helst», kan vise til eit breidt repertoar som spenner frå pop til rock,viser og salmar. Dei syng både på aldersheimar i kyrkjer og andre stader og koret arrangerer diverse tilstelliingar. Dei er i dag ca 25 aktive medlemer.

 

Os Mannskor er som navnet tilseier eit mannskor  frå Os. Vi vart skipa alt i 1925 og er eit av dei eldste mannskora i  Bergensdistriktet. Historisk og musikalsk er vi sentralt plasserte i norsk amatørkorsang. Vi øver på Nore Neset skule og i  øvingslokala våre er det skapt eit einestående sangarmiljø, ofte også med tilbod til familie og vener. Mannskoret sin alder og tradisjon hindrar oss ikkje i å sjå framover og ta opp nye oppgåver og utfordringar. Vi reiser og syng gjerne i vårt eige land – og i utlandet.

Vi er ikke opptekne av båser når det gjeld musikk. Om den er gamal eller ny, lett eller seriøs, spelar mindre rolle. Del avgjerende er at musikken vert  framførd best mogleg og fenger publikum. Difor arbeider vi med et variert repertoar med stor spennvidde. Det dekkjer alt frå religiøs musikk til drikkeviser. Gamal og ny musikk,shanty, jazz-inspirert, negro spirituals og ellers dei tradisjonelle mannskorverka.

 

Mange set mannskor i samband med 17. mai og gamle tradisjonelle sangar. Os Mannskor stiller villig opp 17. mai med nasjonale musikkskattar, men det er likevel berre en liten del av eit frodig bilde.

 

Vi tek gjerne engasjement og oppgaver kor det måtte væra. Gjennom åra har vi hatt ei rekke store konsertoppgaver i inn og utland. Vi stiller ikkje krav om eit gedigent konsertlokale, vi syng like gjerne i et opphaldsrom eller lliknande eller der kor musikkglade menneske i det heile møtast. Til neste år, i mai, skipar vi til eit songarstemne i Os der det meste skal skje i Oseana og elles sentralt på Os.

 

Vi er så heldige å ha en “stall” av solistar i eigne rekker. Del sikrer at vi kan ta på oss varierte oppgaver med et variert program. Del kan være visesang (med glimt i auga), evergreens (med ei tåre i augnekroken), cabarear, korverk med solistinnslag eller gjerne operettar og operaperler.

 

Koret har i dag  ca 40 aktive medlemer og koret sin dirigent er Marius Dale Romslo .

I konserten i Tysnes kyrkje vil ein få høyra både tradisjonell mannskorsang, viser og salmar. Mellom anna vil ein få høyra sangar frå såvel Helene Bøksle som Vamp sitt repertoar. Anders Hovden sin gamle salme «Høgt frå den himmelske klåra» og Til Sanctus, står også på programmet.

 

Det kan bli ein fin søndagskveld i Tysnes kyrkje !

 

Følg Os Mannskor

heimeside: www.osmannskor.no
facebook: www.facebook.com/osmannskor