G 14

Publisert av:
14/10/2013 07:20

Njardar/Tysnes brukte finveret på søndag til å banka Røldal 7 – 1. Tidlegare i haust vann Røldal, men denne gongen hadde spelarane bestemt seg for at kampen skulle vinnast.

Første omgang starta litt forsiktig for gjestene frå Tysnes, og grusunderlaget gav ballen ein litt annan sprett enn vanleg , men då Alf Inge sette inn 1 – 0, tok laget over kampen. Forsvaret tetta godt igjen, og det var ikkje mange sjansar Røldla fekk i løpet av kampen. Pasningane sat godt, og Njardar/Tysnes spelte seg til mange gode sjansar. Laget leverte ein av sine beste kampar for året.

Desse var med. Martin Bakke, Jakob Lande 1, Sondre Flygansvær, Thomas Hjelland, Alf Inge Stue 2. Erik Enes 2, Haåkon Knudsen 1 og Ludvik Dalland 1.

 

Tekst: Helge Hauge